Årsstudium i tradisjonskunst
Kvifor årsstudium i tradisjonskunst?
Er du interessert i handverk, formgjeving og tradisjonar, kan du gjennom studiet fordjupe deg i dine interesser. Du vel å fordjupe deg i eitt av materialområda: tre, metall eller tekstil. Du får tett oppfølging gjennom studieåret og individuell rådgjeving til val knytt til eiga utøving.
Dette lærer du
Årsstudiet inneheld ei brei innføring i tradisjonshandverk, formgjeving og tradisjonskunstens eigenart.
Kjerneområda i studiet er:
Utøving og skapande arbeid: Praktisk og teoretisk tradisjonskunnskap, tradisjonelle handverksteknikkar og materialkunnskap, utøving og skaping innan valt materialområde, og innføring i tradisjonskunstens eigenart og formspråk.
Tradisjonskunnskap: Studiet gir deg innsikt i den sosial og kulturelle konteksten til tradisjonskunsten, både i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Praktisering av tradisjonskunst omhandlar ei vidareføring av tradisjonshandverk saman med skapande formgjeving.
Få en påminnelse
USN - Universitetet i Sørøst-Norge
USN er universitetet nær deg. Vi tilbyr utdanning og moglegheiter der du er – i landet og i livet. Universitetet vårt tilbyr profesjons- og arbeidslivsretta utdanningar. Hos oss møter du innovativ undervisning og utfordrande studiar som gir deg kompetansen samfunnet...
Les mer og vis alle utdanninger ved Universitetet i Sørøst-Norge