Kunst
Det toårige masterstudiet i kunst førebur deg for arbeid som sjølvstendig og kritisk utøvar i ulike deler av samtidskunstfeltet. Utdanninga gir deg nødvendige kunstnariske, metodiske og teoretiske kvalifikasjonar for å arbeide profesjonelt i eit samansett og samtidig kunstfelt. Du blir trena i kreativ tenking, kunstnarisk utviklingsarbeid, prosjektleiing og teknisk kunnskap i din eigen kunstpraksis.
Sjølvstyrt kunstnarisk praksis står sentralt gjennom studiet, og arbeidet med masterprosjektet utgjer hovudkomponenten i programmet. Masterprosjektet er eit individuelt, kunstnarisk prosjekt som du utviklar gjennom individuell undersøking, eksperimentering, kritikk og diskusjon med hovudrettleiar, andre faglege tilsette, gjesteundervisarar og medstudentar.
- fotografi
- grafikk
- installasjon
- keramikk og leire
- lyd
- maleri
- performance
- skulptur
- teikning
- tekstil
- rørlege bilete
- det digitale
- eller andre kriterium, knytt til stadspesifikke, relasjonelle og/eller tverrfaglege tilnærmingar.
Med ein mastergrad i kunst kan du bli profesjonell kunstnar, kurator, kritikar, produsent, teknikar, undervisar og mykje meir.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...