Hest i næring
Hest i næring
Hestehald er i vinden som aldri før, og hesten er og ein stadig viktigare del av norsk landbruk. Hest som hovud- eller tilleggsnæring kan bidra til å skapa arbeidsplassar og aktivitet på gardane og representera ei inntektskjelde for eigarane i tida framover.
Studiet Hest i næring går nærare inn i eit breitt spekter av hesteverksemder og måtar å bruka hesten i næringsutvikling, og vil og gje studentane ei brei forståing av hesten si rolle i norsk bygdeliv og identitet. Arealplanlegging som tek omsyn både til hesten og andre brukarar er og ein viktig del.
Studietilbodet vender seg til ei brei målgruppe, blant anna personar som:
- har lang praktisk erfaring med hest men manglar formell kompetanse,
- ønskjer å spesialisera seg på å dyrka fôr til hest,
- ønskjer å nytta garden til turisme og ser hesten som ein naturlig del av tilbodet,
- ønskjer å utvikla eit ”Inn på tunet” - tilbod og vil nytta hesten i dette
- ønskjer å utvikla tilbod om rideundervisning eller andre former for ridetilbod,
- ønskjer å tilby oppstalling og treningsfasilitetar,
- ønskjer å utvikla og tilby kursverksemd i ulike tema og retningar innan hestehald.
Modulen kan inngå som del av år 2 i bachelorgraden nyskaping og regenerativ utvikling.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen for grøn utvikling (HGUt)
Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) er en selveiende stiftelse med campus på Bryne i Rogaland. Frem til 31.12.19 hadde organisasjonen navnet Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), og var organiserisert som samvirkelag. Endringen fra HLB til HGUt skjedde grunnet offentlige krav...
Les mer og vis alle utdanninger ved Høgskulen for grøn utvikling