Utøvande musikk eller komposisjon
Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon er eit tilbod til instrumentalistar, songarar og komponistar. Studiet har det som mål å vidareutvikle studentane sin kunstnariske profil, og styrkje evna til fagleg refleksjon og sjølvstende. Studentane får høve til fordjuping i eit eller fleire sjølvvalde emne innanfor eigne utøvande eller skapande interessefelt. Erfaring i å uttrykkje seg både munnleg og skriftleg skal gjere studentane meir bevisste på kunstnariske problemstillingar, og støtte opp om deira kunstnariske virke.Det blir gitt individuell rettleiing i utøving/komposisjon og prosjektarbeid, og undervisning gjennom ulike fellesseminar og fellesprosjekt. Masterprogrammet har eit internasjonalt studentmiljø, og engelsk er ofte kommunikasjonsspråk i delar av fellesundervisninga.
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...
Highlights