TV-produksjon
Studiet er akademisk forankra med ein teoretisk del der du lærer å analysere og vurdere ulike typar produksjonar. Du lærer om sjangrar, filmatiske verkemiddel, fortellingskonvensjonar og film- og TV-historie. Samtidig får du på dette studiet praktiske og handverksmessige ferdigheiter som er relevante for eit breitt spekter av audiovisuelle produksjonar: frå kortfilm til webserie til studioproduksjon til dokumentar til intervju.
Studiet er lokalisert i Media City Bergen, saman med sentrale medieselskap som NRK, TV2, ITV, BT og BA, så vi er tett på bransjen. Du får treffe desse naboane i undervisningssamanheng, og du skal ha utplassering hos relevante medieselskap. Det er slik sett ei praksisnær og bransjerelevant utdanning.
Utdanninga er unik i kraft av å vere plassert i ei medieklynge saman med sentrale medie- og teknologiselskap. Det er ei ny utdanning med flotte og nye fasilitetar og svært god utstyrspark.
- TV-journalist
- klippar
- fotograf
- lydperson
- produsent
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...