Spesialpedagogikk
Alle menneske har ulike føresetnader for læring og utvikling. I bachelorprogrammet i spesialpedagogikk får du eit breitt fagleg fundament for å kunne hjelpe barn, unge og vaksne med særlege behov. Dette kan vere unge som er svært evnerike, så vel som unge med ulike lærevanskar eller funksjonsnedsettingar. På studiet lærer du korleis du kan avdekke barn og unge sine styrker og utfordringar, og korleis du kan identifisere barrierar som kan hindre dei i å delta i eit inkluderande fellesskap. Vårt bachelorprogram har eit særskilt fokus på språk og lese – og skrivevanskar.
Viktige tema innan spesialpedagogikk er:
- Korleis kan vi legge til rette for å inkludere alle barn i barnehagar og skular?
- Korleis kan vi tilpasse opplæringa for barn og unge med ulike funksjonsnedsettingar gjennom utdanninga?
- Korleis kan vi sikre at opplæringsinstitusjonane klarar å ivareta rettigheitene til barn og unge med særlege behov?
Under studiet får du også kjennskap til aktuelle konvensjonar, lovverk og andre styringsdokument som regulerer det spesialpedagogiske fagområdet i teori og praksis.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...