Sosialantropologi
Straumen av menneske, ting og informasjon på tvers av landegrenser har aldri vore større, og den sosiale og økonomiske ulikskapen mellom folk aukar. Sosialantropologi handlar om det kulturelle mangfaldet i verda. Forskingsmetoden er feltarbeid, der ein bur blant folk over lang tid for å få ei djupare forståing av dei sosiale prosessane som bind oss saman. På dette studiet får du konkret, forskingsbasert kunnskap om menneske, kultur og samfunn verda over.
Vi drøftar mellom anna:
- Kva er det som gjer oss menneske like på tvers av sosiale og kulturelle bakgrunnar – og kva gjer oss forskjellige?
- Kva er forholdet mellom individ og samfunn?
- Korleis er makt fordelt, kven sit med definisjonsmakta og kva konsekvensar får ulike avgjerder for kven?
Sidan vi i dag lever i ei stadig meir globalisert verd er kunnskap om mellommenneskeleg samhandling og evne til kritisk tenking heilt nødvendig. Gjennom sosialantropologi lærer du å tenke analytisk om sosialt liv og samfunn. Kompetansen du får gjennom antropologistudiet gjer deg rusta til å jobbe i dei fleste delar av samfunnet
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...