Master i spesialpedagogikk
NB. Frå hausten 2023 endrar programmet seg noko. For deg som starta hausten 2021 vil den utdanningsplanen du starta på gjelde til du er ferdig.
Spesialpedagogikk handlar om å fremme god læring-, utvikling- og livsvilkår for barn, unge og vaksne som av ulike grunnar møter eller er i risiko for å møte funksjonshemmande vanskar og barrierar i si utvikling, læring og livsutfalding. Spesialpedagogikken si primære rolle er difor å hjelpe praksisfeltet i korleis vi ved bruk av spesialpedagogisk kunnskap kan førebygge at vanskar og barrierar oppstår og får utvikle seg, men og for å avhjelpe og redusere vanskar og barrierar som allereie finst.
- Leiarstilling
- Rådgivar i utdanningssektoren, t.d. PPT, BUP og Rettleiingstenesta
- Undervisning- og forskingsarbeid (inkl. Ph.d.) ved universitet og høgskule
- Administrativt arbeid knytt til studieavdelingar ved universitet og høgskule (studiekonsulent, programkoordinator m.m.)
- Arbeid med barn og unge med ulike læringsutfordringar i offentlege og private institusjonar
Master i spesialpedagogikk gir deg moglegheit for jobb på område der kompetanse innan læring og utvikling hos born, ungdom og vaksne med særskilte behov er relevant, til dømes innanfor kriminal- og rusomsorg, helse- og sosialsektoren, arbeidsinkludering, kultursektoren eller velferdsforvaltninga..
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...