Kvalifiseringsprogrammet for tannleger med utd utanfor EU/EØS-området
På studiet vil du lære korleis odontologi blir praktisert i Noreg, kva forsking som ligg til grunn for dette og kva nasjonale tannhelseforebyggande tiltak som blir prioritert. Ved å gjennomføre denne utdanninga vil du òg lettare bli integrert i det norske samfunnet, både kulturelt og sosialt.
Noreg treng fleire tannlegar, og gjennom dette studieprogrammet får du brukt og vidareutvikla fagkompetansen din på ein fagleg, pasientsikker måte.
- Stort fagleg utbytte med bratt læringskurve
- Inngang til norsk arbeidsliv etter riktig fagleg nivå
- Lettare integrering i det norske samfunnet med større forståing for norsk tankegang og kultur
På dette studieprogrammet må du rekne med eit tett undervisningsprogram med fulle arbeidsveker. Det du vil bruke mest tid på er klinisk pasientbehandling. I løpet av studiet har du òg 10 heile dagar i praksisteneste ved DOT Vestland oftast i 2. semester. Utover dette brukar vi ulike læringsformer som forelesingar, seminargrupper, laboratorium og praktiske øvingar og sjølvstudium.
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...