Kognitiv vitskap
Menneskeleg tenking blir til i eit samspel mellom sansing, minne, språk, problemløysing og følelsar. På bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil du lære å lage dataprogram som simulerer desse evnene, for å sjå om dataprogramma er i stand til å framvise åtferd som liknar menneskeleg intelligens.
I dette studiet vil du lære korleis dei ulike evnene til den menneskelege hjernen fungerer kvar for seg og samla. Du vil lære om korleis vi menneske reflekterer over kvardagslege hendingar, korleis vi forstår språk, og korleis vi sansar verda omkring oss. Du vil også lære om formelle logiske verktøy for å representere og bruke kunnskap. Samla kan ein bruke alt dette til å lage dataprogram som har kunstig intelligens, for eksempel dataspel, intelligente assistentar på mobilen, og program som støttar medisinsk diagnose.
- Kva er naturlege språk, og korleis forstår og nyttar menneske dei?
- Kva er logisk tenking, og kan maskinar tenke?
- Korleis kan du bruke symbolsk logikk til å modellere menneskeleg intelligens?
Kunstig intelligens har blitt svært viktig i vårt samfunn, ettersom det vert nytta til å bestemme kva nyheitshistorier vi les, kva informasjon vi har tilgang til, og i framtida kanskje korleis sjåførlause bilar opererer. Derfor er det svært viktig for samfunnet at ingeniørar som byggjer disse systema, kan forstå korleis menneske vil handtere den informasjonen desse systema brukar og presenterer.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...