Informasjonsvitskap
Bachelorstudiet i informasjonsvitskap rustar deg til å forstå korleis vi kan nytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi på ein god måte. Du får ei særleg fordjuping i informasjonssystem, menneske-maskin interaksjon og kunstig intelligens. Du får eit teoretisk og praktisk grunnlag for å analysere behov og utvikle gode dataløysingar for eit breitt spekter av verksemder.
På informasjonsvitskap studerer vi mellom anna:
- Korleis kan vi forstå og handtere dei enorme mengdene med data, informasjon og kunnskap som er tilgjengelege?
- Korleis kan og bør moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi hjelpe oss til å handtere denne informasjonen?
Studiet passar for deg som er interessert i programmering og grensesnittet mellom programvare og brukaren, til dømes korleis lage applikasjonar som er enkle å bruke. Det passar òg for deg som ønskjer å dykke ned i det teoretiske grunnlaget for informasjonshandsaming eller avanserte emne som kunstig intelligens.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...