Geovitskap
På bachelorstudiet i geovitskap lærer du å omsette teoretisk kunnskap til praksis. Du får ei brei kunnskap om den geologiske og geofysiske oppbygninga til jordkloden, og lærer å bruke kjemiske, fysiske, biologiske og geologiske prosessar til å forklare korleis jorda har utvikla seg gjennom milliardar av år og korleis ho endrar seg i dag.
På institutt for geovitenskap får du moglegheita til å jobbe med samfunnsaktuelle problemstillingar innan geologi, geofysikk, geokjemi, geobiologi, klima, miljø, marin- og polar forsking.
- Årsaker til hyppigare og meir øydeleggjande geofarar som flaum og skred.
- Å begrense klimaendringene vi i dag er vitne til.
- Korleis vi kan tilpasse oss den aukande etterspørjinga etter ressursar.
- Kva for energiformer vi kan benytte oss av i framtida.
Dette studieprogrammet har ein del obligatorisk undervising, som laboratoriearbeid, øvingar og ekskursjonar. Vi har mange valfrie emne, så du har stor fridom til å velje dei faga du er interessert i. Geovitskap er eit internasjonalt fagfelt, så vi oppmodar deg til å reise på utveksling eit av semestera du studerer hos oss.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...