Geografi
I ei tid med endringar i miljøet og ressursgrunnlaget vårt er det behov for geografar som forstår samanhengen mellom menneske, natur og samfunn.
Eit klima i endring, menneskeskapte landskap, endra miljøforhold og ressurstilgang: Samfunnet treng forvaltning og planlegging som tar omsyn til dette. Geografar har kunnskap om prosessar og endringsmekanismar både i natur, miljø og samfunn. Denne kompetansen er grunnleggande for å kunne finne gode løysingar og førebyggande tiltak fram mot ei berekraftig utvikling.
- Grøn omstilling og planlegging
- Stads- og næringsutvikling
- Klimaendringar og naturfare
- Global utvikling, migrasjon, makt og rettferd
- Forvaltning av naturressursar
- Landskapsendringar og miljø
- Matsikkerheit i det globale sør
I tillegg til teoretisk kunnskap om feltet for masteroppgåva, vil du lære mykje gjennom planlegging og gjennomføring av feltarbeid, om innsamling av feltdata, databehandling og –analyse, presentasjon og tolking, og prosjektarbeid. Avhengig av kva studieretning du vel, får du ei fordjuping i enten samfunnsvitskaplege eller naturvitskaplege metodar.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...