Bachelorprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi
Arbeidslivet er ein av våre viktigaste arenaar i dag. Gjennom arbeidet møter vi andre, realiserer oss sjølve og utviklar oss som menneske. På arbeidsplassen kan vi oppleve medgang og meistring, men også stress, mobbing og utbrenning.
På bachelorstudiet får du inngåande kunnskap om korleis du kan få verksemder til å forstå at menneska er den viktigaste ressursen dei har, og hjelpe dei med å utvikle dei tilsette ved å ta omsyn til både yteevne og sjølvrealisering.
- Kva er avgjerande for eit godt arbeidsmiljø?
- Korleis handlar og reagerer enkeltindividet på ulike sider i arbeidslivet?
Det finst verkemiddel ein kan nytte for å utvikle både enkeltmenneske, grupper og organisasjonar. Og det finst ting ein kan gjere for å førebygge og handtere problem som oppstår på arbeidsplassen. Det lærer du meir om på bachelorstudiet.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...