Hvilken by er Norges beste studentby? Hjelp oss med å kåre vinneren - delta her 🎓

Søk utdanning 👉
Kortere studier

Sommarkurs

Varighet
4 dager
Pris
4 500 NOK
Undervisningsform
Klasserom
Neste startdato
24-27.juni 2024 Se detaljer
Søknadsfrist
Søknadsfrist: 20.mai
Varighet
4 dager
Pris
4 500 NOK
Undervisningsform
Klasserom
Neste startdato
24-27.juni 2024 Se detaljer
Søknadsfrist
Søknadsfrist: 20.mai

Sommarkurs

Om sommarkurset

Sommarkurset går over fire dagar og passar for deg som ynskjer å kome i gang med skriving for alvor, eller få eit kick til å kome vidare. Ikkje minst: møte andre som òg interesserer seg for skriving og har eit ønske om å utvikle seg litterært. Kurset vert halde i Skrivekunstakademiet sine lokale på Verftet. Kurset vil i 2024 vere frå 24.-27. juni og kostar 4500 kroner.

Kursleiarane for 2024 er Therese Tungen og Brynjulf Jung Tjønn.

Therese Tungen (fødd i 1977) kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho debuterte i 2017 med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. Boka fekk strålende mottaking, og vart nominert til Ungdommens kritikerpris. Tungen vart tildelt Aschehougs debutantstipend for 2017, og i 2018 fekk ho Bjørnsonstipendet. I 2019 kom den andre novellesamlinga hennar, Kjærleik og det som liknar. Den fekk glimrande kritikk og vart nominert til EUs litteraturpris 2020. Våren 2022 kom boka Snu deg: Edvins bok, som er ei dokumentarisk utforsking av sorgprosessen etter tapet ein son. Boka vart særs godt mottatt av både kritikarar og lesarar.

Brynjulf Jung Tjønn vart fødd 1980 i Seoul i Sør-Korea. I 1983 vart han adoptert til Feios i Sogn og Fjordane, kor han vaks opp som odelsgut. Han debuterte som forfattar i 2002 med romanen Eg kom for å elske, og har sidan gjeve ut fleire bøker, for både barn, ungdom og vaksne. I 2013 kom ungdomsromanen Så vakker du er (Cappelen Damm), som vart tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Tjønn har òg vore nominert til blant anna Kulturdepartementets litteraturpris, Kritikerprisen og P2-lytternes romanpris for bøkene sine. I 2022 kom diktsamlinga Kvit, norsk mann, som traff både kritikarar og eit breitt publikum. For denne utgjevinga vann han både Kritikerprisen og Ungdommens kritikerpris.

Kommende startdatoer

1 tilgjengelig startdato

24-27.juni 2024

  • Klasserom
  • Bergen
  • Søknadsfrist: 20.mai

Opptakskrav/Søknad

Korleis søkje

Du søkjer med fem til sju sider sjølvskriven tekst av skjønnlitterær karakter, og det er desse sidene det i hovudsak vil bli arbeidd med på kurset. Det er derfor viktig at deltakarane er førebudde på at alle les kvarandre sine tekstar, og at ein har lese tekstane før kursstart. Vi tek inn inntil 12 søkjarar.

Få en påminnelse

Få en påminnelse når søknaden åpner

Motta en påminnelse når du kan søke opptak til høyere utdanning og få månedlig inspirasjon til ditt studievalg. 

This field is used for controlling automatic form submits. Please leave it blank:
Fyll inn din e-post her

Skrivekunstakademiet
Georgernes Verft 12
5011 Bergen

Skrivekunstakademiet 

Skrivekunstakademiet i Hordaland driver undervisning innen skjønnlitterær skriving. Det er i hovedsak forfattere som underviser, i tillegg til en rekke gjestelærere. Undervisningen vektlegger det praktiske skrivearbeidet, og særlig den enkeltes student sine egne tekster. Mange av akademiets tidligere studenter har...

Les mer og vis alle utdanninger ved Skrivekunstakademiet

Highlights