Samtidslitteratur for barn og unge
Samtidslitteratur for barn og unge
Samtidslitteratur for barn og unge er ei heilt nettbasert vidareutdanning for lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar.
Dei fleste studentane kombinerer studiet med full jobb, og læringsformene er difor så fleksible og asynkrone som mogleg, for å gjere det mogleg for den einskilde student å tilpasse studiekvardagen. Berre unntaksvis, slik som ved oppstartsmøte og munnleg eksamen, vil det vere faste tidspunkt på dagtid som ein må sette av tid til. Likevel, studiet gir 30 studiepoeng, og har ei arbeidsmengd som svarer til halvparten av eit fulltidsstudium.
Studentane lærer om dei sentrale tendensane innan eit breitt mangfald av litteraturformer. Forvent å lære om alt frå nye teikneserieromanar til berekraftstematikk i litteraturen. Studentane får tett veiledning, dialogiske og fleksible arbeidsformer, og læringsgrupper kor studentane får utbytte av kompetansen til kvarandre. Studiet kan justerast etter den einskilde sine behov for fagleg fordjuping, og har eit gjennomgåande formidlingsperspektiv.
Studiet er leia av fagleiar Øystein Espe Bae. Både tilsette på instituttet og eksterne førelesarar underviser på studiet. Undervisarane har brei kunnskap på barne- og ungdomslitteraturfeltet og innan formidling.
Kommende startdatoer
Opptakskrav/Søknad
For å kvalifisere til opptak må du ha utdanning som er relevant for arbeid med barne- og ungdomslitteratur eller formidling av slik litteratur. Det kan for eksempel vere bibliotekar-, litteratur-, lærar- eller andre relevante studium.
Søknaden skal innehalde
- CV med informasjon om utdanning og yrke, samt namn, adresse, telefon og e-postadresse
- Motivasjonsbrev: Skriv om motivasjonen for å søke og studiet sin relevans for din noverande arbeidssituasjon
- Relevante attestar og vitnemål
Få en påminnelse
Norsk barnebokinstitutt (NBI) ble stiftet i 1979, og samler og utvikler kunnskap om barne- og ungdomslitteratur. NBI arbeider for å styrke forskningen på fagfeltet, underviser i barne- og ungdomslitteratur og driver forfatterutdanning, formidlings- og informasjonsvirksomhet. Instituttet står til rådighet for...