Spesialpedagogikk 1, 1. - 10. trinn
Målgruppa for studiet er lærarar utan spesialpedagogisk utdanning og som underviser i 1. til 10. klassesteg. Vidareutdanninga tek for seg dei mest frekvente vanskane elevar strevar med i opplæringa: språk/lesing/matematikkvanskar og åtferd. Tilpassa opplæring og inkludering er sentralt. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa, og har spesielt fokus på å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø.
Det er tre samlingar i semesteret, kvar over to dagar. Det er obligatorisk frammøte til samlingane.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Velkomen til Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande...