Realfag i barnehagen
Vidareutdanninga er retta mot realfaglege tema i barnehagen for å auke barnehagelærarar sin kompetanse innanfor desse fagområda. Det vert sett fokus på å legge til rette for at borna får erfaringar innanfor matematikk og naturfag.
Studentane skal kartlegge kva plass realfaga har i leike- og læringsmiljøa i eigen barnehage, og arbeide med å utvikle desse. Det er eit mål å vidareutvikle moglegheitene for oppdaging og utforsking i lag med barna, både ute og inne. Teknologi og programmering i barna sitt leike- og læringsmiljø er også ein viktig del av studiet. Nokre av arbeidskrava skal gjennomførast saman med kollegaer og barn i barnehagen. Det er difor eit vilkår at studentane har moglegheit til dette.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Velkomen til Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande...