Fornybar energi
Kvifor studere fornybar energi?
Ei av dei viktigaste utfordringane verda står overfor, er å finne løysingar for korleis vi kan sikre tilgang til energi samtidig som vi reduserer klimagassutsleppa.
I Norge har vi god tilgang på fornybare energiressursar som vatn, vind og bioenergi. Å bruke desse ressursane på ein berekraftig måte er ei tverrfagleg utfordring, sidan også produksjon av fornybar energi påverkar naturen og samfunnet.
Tar du ei utdanning i fornybar energi i Sogndal, får du ein unik og tverrfagleg kompetanse innan fornybar energiteknologi, energisystem, energiøkonomi, miljø- og arealplanlegging.
Gjennom studiet lærer du om
- energiressursar og det norske energisystemet
- berekraftig energiomstilling
- fornybar energiteknologi og innovasjon
- miljøkonsekvensar ved produksjon og bruk av fornybar energi
- politiske og sosiale handlingsdrivarar og barrierar ved energiomstilling
- kva rolle kommune, fylke og stat spelar i utbygging av fornybar energi
- planlegging, regulering og næringsutvikling innan fornybar energi-sektoren.
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...